09/02/2026
Er det vanskeleg å få tak i folk? Har marknaden endra seg? Vil bedrifta di nå drøymekunden? 🤔
For dei som bruker sosiale medium rett, blir vegen stadig kortare til å nå dei ein ønskjer. For bedrifter i Distrikts-Noreg er dei digitale flatene ei unik moglegheit til å bli synlege, attraktive og truverdige, langt utover kommunegrensene. Utkant er ikkje nødvendigvis utkant i den digitale verda.
I samarbeid med Fikse Næringsforening inviterer Omega 365 Design til eit foredrag som set omdømmebygging i distrikta under lupa. Kommunikasjonsrådgjevar Inga Klokkerstuen Wangensteen viser korleis bruke Facebook, Tik Tok, Instagram og LinkedIn effektivt og lage innhald som skapar merksemda du ønskjer.
Me tek for oss:
🌱 Korleis lokale historiar kan få nasjonal relevans i digitale kanalar.
🌱 Kvifor ekte menneske og kvardagsglimt slår blankpolert reklame.
🌱 Korleis leiarar og tilsette kan bli sterke omdømmeambassadørar på LinkedIn.
🌱 Kva som skil truverdig kommunikasjon frå støy og grønvasking.
🌱 Korleis samarbeid og deling gir større gjennomslag enn å snakke aleine.
🌱 Korleis velja relevante kanalar og kva innhald algoritmane løftar fram.
🌱 Korleis du går fram både innhaldsmessig og praktisk for å skapa verdi.
Føredraget er praktisk, jorda og fullt av konkrete døme, tilpassa små og mellomstore bedrifter i distrikta som ønskjer å bruke sosiale medium strategisk, utan å miste identiteten sin.
Dette er også ein stratgisk måte å styrke kommunane ein bur og jobbar i. Om nok bedrifter handterer sosiale medium godt, vil både Etne og Vindafjord nyta godt av arbeidet. Det handlar om å bygge eit sterkt og truverdig omdømme som ikkje berre gagnar eiga verksemd, men også styrkar naboar, nettverk og heile regionen.
Alle deltakarar får med seg eit arbeidshefte som hjelper dei i gong. Foredraget passar den som har eller skal ha ansvar for marknadsarbeid i bedrifta.
Tid: 19. februar, kl. 09:00-11:00
Stad: Medvind-bygget Ølensvåg, møterom Orkan
Pris: Gratis for Fikse Næringsforening sine medlemsbedrifter. 1.500,- eks. moms for ikkje-medlemmer.
Påmelding her: https://forms.gle/1SrEndUTfxzJS8mp8
Velkommen!