Design by Giske

Design by Giske Design er problemløysing. Design er ein prosess frå idè, til gjennomføring og ferdigstilling. Meir informasjon finn du på www.designbygiske.no :-)

Giske Berland - problemløysar & rådgjevar // Designer & merkevarebyggar med glimt i auga • Utviklar funksjonell, tydeleg & tidlaus design som fungerer i praksis • Logo, identitet, konsept, trykksaker, profilering, heimeside, bokdesign m.m. Eg brenn for å utvikla god, funksjonell og smakfull design som fungerer i praksis og gjev resultat. Det å finna det UNIKE ved nettopp deg, ditt produkt og ikkje minst di bedrift. Eit av mine mål er at du som kunde skal vera stolt av resultatet, og at du kjenner eigarskap til det ferdige produktet som du skal nytta vidare i kvardagen. Eg er ein ujålete, blid og omgjengeleg frilans designer & merkevarebyggar, med base på Voss. Praktisk anlagt, kreativ, nysgjerrig av natur, engasjert og til tider litt utolmodig. Eg likar å ha struktur på arbeidet, å ha ein plan slik at eg får unna arbeidet på ein god måte til avtalt tid. Arbeider aller best sjølvstendig, men er samstundes ein god samarbeidspartnar. Eg tek ikkje på meg oppdrag eller prosjekt der eg trur du er betre tent med ei anna løysing enn kva eg kan tilby. Om du vel meg for dine tenester så kan eg garantera godt humør og ein god dose latter med på kjøpet.

Å hyra inn ein designer, for deretter å stola meir på KI i staden for kunnskapen til designeren. Det gjev inga meining.P...
06/10/2026

Å hyra inn ein designer, for deretter å stola meir på KI i staden for kunnskapen til designeren.

Det gjev inga meining.

Poenget med å hyra inn ein designer utanfrå er kunnskapen og vurderingane våre.

Om du trur meir på ein prompt enn eit menneske med kunnskap, ja då har du eit problem med truverd - og ikkje eit design problem.

Design er problemløysing 👉 [email protected]





REBRANDING 🍒  Lutro Gard Gjennom deler av fjoråret arbeidde eg med ny visuell identitet & utvikling av eit etikettkonsep...
01/10/2026

REBRANDING 🍒 Lutro Gard

Gjennom deler av fjoråret arbeidde eg med ny visuell identitet & utvikling av eit etikettkonsept for Lutro Gard i Hardanger. Ei ny form og storleik på glasa var det grunnleggande i prosessen med rebrandinga. Frå utvikling av ein logo & identitet som fortel ei historie, til eit gjennomtenkt og smart konsept for etikettar som fungerer på fleire produkt med ulike storleikar på glas & flasker.

Foredla frukt frå Lutro Gard framstår i dag i ei ny sams drakt. Hermetiserte plommer og moreller er å finna i daglegvarebutikkar rundt om i Vestland, samt i Oslo. Dei kan og kjøpast i gardsutsalet på Lutro saman med andre produkt slik som morelljuice, ripsgele og eplemyntegele. 🍒🍎

Når eg arbeider med logodesign, identitet og merkevarebygging, så brukar eg ikkje berre min fagkunnskap rundt design, - men vel så mykje mange års erfaring frå daglegvarebransjen der eg er vakse opp. Det ferdige resultatet skal setja både produsent og produkt i eit godt ljos, framheva kvalietet og ikkje minst skilja seg positivt ut i hylle eller disk.

🔖 Ein etikett er ikkje berre ein etikett
🔖 Fargar og design er ikkje berre ein "fin dekor"
🔖 Ei historie og ein identitet skal formidlast
🔖 Det er mange reglar for næringsmiddel som må fylgjast
🔖 Ein bør ha eit gjennomtenkt design for storleikar, med tanke på kostnader til trykk for kunden
🔖 Det ferdige designet skal framheva produkta og det må fungera i praksis

Design er ikkje pynt.
Det er problemløysing i praksis.



Trykkonga av etikettar er det Digital Etikett, etikettspesialistane i Gaupne som fiksar. 😊

L o g o d e s i g n 📌Ein må ikkje foklara alt om kva bedrifta, eller merket, står for i sjølve logodesignet. Det vil ver...
27/09/2026

L o g o d e s i g n 📌

Ein må ikkje foklara alt om kva bedrifta, eller merket, står for i sjølve logodesignet. Det vil vera å kompansera for ein svak strategi og tenking bak utviklinga av designet.

Ein logo skal vera tydleg, samstundes som den skal fungera både i liten og stor versjon. Den skal bera bedrifta di i lang tid og den skal saman med identiteten bygga merkevara di - skapa positiv gjenkjenning, utan at den nødvendigvis seier akkurat kva de driv med.

Ta til dømes Nike og Adidas... seier sjølve logoane deira kva produkt dei sel?
Nei, men "alle" kjenner i dag merkene!

Design er problemløysing 📌





Ein tur til Hardanger for eit spanande kundemøte forrige fredag.🍂 Langs vegen finn ein både flotte skilt og frukt i ulik...
25/09/2026

Ein tur til Hardanger for eit spanande kundemøte forrige fredag.🍂
Langs vegen finn ein både flotte skilt og frukt i ulike utgåver. 😊


Lutro Gard 👉 Hermetisert frukt 🍒

Kven som helst kan i dag legga inn ein prompt i dei ulike KI-verktøya og få ut ein haug med "design"forslag. Men det bet...
21/09/2026

Kven som helst kan i dag legga inn ein prompt i dei ulike KI-verktøya og få ut ein haug med "design"forslag.

Men det betyr ikkje at du veit kva som er feil med det, kvifor det er feil, kva som må til for å få det rett eller å få det til å fungera.

Det er det faktiske design arbeidet, som du treng eit menneske til å løysa - og ikkje KI.

Design er problemløysing 👉 [email protected]





"Hva faen skal vi gjøre nå? Hva skal til for å drive en relevant nisjebutikk i årene som kommer?" Det er det den flunkan...
17/09/2026

"Hva faen skal vi gjøre nå? Hva skal til for å drive en relevant nisjebutikk i årene som kommer?" Det er det den flunkande nye rapporten, BUTIKKEN MOT 2030, til Butikkutvikler.no handlar om. 📌

Gøril H. Florvaag har arbeidd med handel i snart tretti år - dei siste tjue åra som rådgjevar og forretningsutviklar for sjølvstendige butikkar over heile Norge. Ho arbeider innanfrå og ut: konsept, drift, og det som kundane til slutt ser. Rapporten byggjer på 450 butikkbesøk sommaren 2025, sett gjennom mange års erfaring i faget.

Eg fekk oppdraget med å stå for design og grafisk gjennomføring av rapporten for Gøril. Designuttrykket baserer seg på den visuelle identiteten som eg tidlegare har utvikla for både Butikkuvikler.no og Gøril Florvaag AS.

Ut frå motteke manus og ei felles idemyldring, så hadde eg frie hender i utforming av layout for rapporten. Starten på kvar del har fått eit eige design for å markera eit skilje. Rapporten er designa slik at den skal vera lett å lesa, samstundes som bodskapen til Gøril kjem tydeleg fram. Dette er ein trykt rapport på 64 sider som er innbunden med softcover. Deler av innhaldet i denne rapporten baserer seg og på våre felles erfaringar gjennom 8 år med prosjektet Nisjebutikkens dag ™.

No ser eg fram til å få ei trykt utgåve av rapporten i handa om kort tid! 😊

Førehandsbestilling av rapporten gjer ein via 👉 www.butikkutvikler.com/butikken2030

Ei lita påminning i desse tider med KI "design" over alt...Kvart einaste element i designet skal ha ei betydning og fort...
16/09/2026

Ei lita påminning i desse tider med KI "design" over alt...

Kvart einaste element i designet skal ha ei betydning og fortena plassen. Alt anna "ekstra" undergrev designet.

Dette er faktisk ei grunnleggande læring i faget grafisk design📌


Og so eit faktum: Kompleksitet er ofte ei erstatning for manglande klarheit og retning.

Design ER problemløysing 📌




KI har i lang tid generert innhald til sosiale medier, bilder, plakatar osv. I den seinare tid har det tatt heilt av - b...
11/09/2026

KI har i lang tid generert innhald til sosiale medier, bilder, plakatar osv. I den seinare tid har det tatt heilt av - både online og offline.

Butikkar, kafear, torghandlarar, organisasjonar, små og store bedrifter lagar plakatar og bilder til bruk i marknadsføringa si ved hjelp av KI - utan å ha på plass noko strategi eller kunnskap om design.

Nok er nok.
Alt ser jo heilt likt ut.

Ingen identitet.
Ingen merkevare.

Du må gjerne bruka KI for designa dine,
men bruk ikkje KI til å "designa".

KI er eit verktøy som gjev deg forslag.
Ein designer gjev deg ei retning som skapar verdi.

Design er problemløysing 👉 [email protected]





Smaksrik sider frå Hardanger 🍎🥂I desse dagar er det litt ekstra fokus på sider, då Norsk Siderfestival vert arrangert i ...
04/09/2026

Smaksrik sider frå Hardanger 🍎🥂

I desse dagar er det litt ekstra fokus på sider, då Norsk Siderfestival vert arrangert i samband med Matfestivalen i Bergen!

Identitet, etikettar, emballasje og ei merkevare som passar produsenten er noko av det eg syns er både kjekt og utfordrande å arbeida med.

Lié Gard på Lofthus i Hardanger har eg samarbeida med sidan hausten 2022. Me starta med design av logo og visuell identitet, for deretter å utvikla eit smart etikett konsept for produkta deira. Dette vart justert etter fyrste prøvesesongen og me har landa på eit konsept for sider og eit anna for eplesaft, honning osv.

Etikett konsepta er gjennomtenkte både med designuttrykk, datomerking, format og ikkje minst målgruppe. Resultatet er blandt anna at me kun har 2 storleikar på etikettane, noko som gjev lågare kostnader til trykk.

Sidervariantane Kari, Ollen og Knuta, issideren Klakaskadle, - samt fleire friske og smakfulle eplemostar får du kjøpt i gardsutsalet deira på Opedal, Lofthus.

Trykk av etikettane er det Digital Etikett, etikettspesialistane i Gaupne som fiksar 😊

Digitale bestillingssystem er bra på mange måtar. Litt verre er det både for kunde og bedrift når systemet berre sender ...
27/08/2026

Digitale bestillingssystem er bra på mange måtar. Litt verre er det både for kunde og bedrift når systemet berre sender ut varsel 48 timar før bestilt time, og ikkje ved bestilling. Difor er fysiske timekort (som og er eit supert visittkort) attende hjå mange i frisørbransjen.

Brita'a frisør, den eine delen av Føniks Frisør & Fotterapi i, fekk påfyll av timekort før sommaren 📌

Design av logo, visuell identitet & trykksaker: Design by Giske
Trykk av timekort: A7 Print As

Adresse

Vangsgata 46B
Vossavangen
5700

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Design by Giske legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Design by Giske:

Snarveier

Del