Muritunet

Muritunet Spesialisert, medisinsk rehabilitering etter avtale med Helse Midt-Norge. Vil ikkje ha kommersielt erverv. Døgnavdeling Valldal og dag/poliklikk Moa.

Ideelt AS eigd av kommunane i Møre og Romsdal, Fylkeskommunen og Nasjonalforeningen for folkehelsen. Senteret ligg heilt ved fjorden nært sentrum i Valldal.

27/08/2026

Har du smerter eller plager som ikkje går over?

Har du vore til lege, tatt undersøkingar og prøvd ulike behandlingar utan å finne ei forklaring på symptoma dine?

For nokre kan smerter og plager halde fram sjølv om kroppen er frisk. Pain Reprocessing Therapy – Muritunet er ei tilnærming som hjelper hjernen med å tolke smerte- og faresignal på ein ny måte.

📍 Ålesund (Moa)
📅 Oppstart måndag 7. september

Ta kontakt for å høyre om du er i målgruppa for kurset.

🔗 https://muritunet.no/prt?utm_source=facebook&utm_medium=social&utm_content=organisk-innlegg&utm_campaign=prt-kurs-7-sept

Er du lege og møter unge pasientar som har falle ut av skule eller jobb? Eller ein foresatt?Psykiske plager, smerter, sø...
27/08/2026

Er du lege og møter unge pasientar som har falle ut av skule eller jobb? Eller ein foresatt?

Psykiske plager, smerter, søvnproblem, utmatting og lite tru på seg sjølv kan gjere det vanskeleg å fullføre utdanning eller kome inn i arbeidslivet. Nokre har også lite arbeidserfaring, lite sosial kontakt og er usikre på vegen vidare.

Den 14. oktober 2026 startar Muritunet den første gruppa i ARR UNG. Dette er eit nytt arbeidsretta rehabiliteringstilbod for unge mellom 18 og 30 år som har helseutfordringar og står utanfor skule eller arbeidsliv.

ARR UNG kombinerer:
- tilpassa fysisk aktivitet og friluftsliv
- klatring og aktivitetar med VR
- samtalegrupper og undervisning
- sosialt fellesskap
- utprøving i arbeid eller utdanning
- samarbeid mellom Muritunet, NAV og kommunen

Gjennom opphaldet lagar Muritunet ein individuell rehabiliteringsplan saman med deltakaren. Planen blir justert undervegs og inneheld konkrete mål for arbeid eller utdanning.

Etter hovudopphaldet får deltakaren oppfølging i tre månader. Ein ung-koordinator følger deltakaren gjennom opphaldet og vidare mot arbeid, utdanning eller anna aktivitet.

Deltakaren må sjølv vere aktiv i prosessen, men treng ikkje finne vegen vidare åleine.

📅 Oppstart: 14. oktober 2026
👨 Målgruppe: Unge frå 18 til 30 år

Har du ein pasient som kan passe inn i målgruppa? Send søknaden direkte til RVE med ønske om ARR UNG, eller kontakt Muritunet for meir informasjon om inntak og henvisning. Les meir om tilbodet på vår nettside: https://muritunet.no/rehabiliteringstilbod/arbeidsretta-rehabilitering/ung?utm_source=facebook&utm_medium=social&utm_content=organisk-innlegg&utm_campaign=arr-ung

Har du høge krav til deg sjølv, mykje sjølvkritikk og eit nervesystem som alltid står i beredskap?Du vil ikkje gjere fei...
26/08/2026

Har du høge krav til deg sjølv, mykje sjølvkritikk og eit nervesystem som alltid står i beredskap?

Du vil ikkje gjere feil.
Alt skal vere plettfritt.
Du skal prestere på alle område samtidig.

Kanskje kjenner du at det du gjer aldri er bra nok. For nervesystemet kan dette opplevast som ein trussel. Kroppen prøver å beskytte deg mot kritikk, feil eller følelsen av ikkje å vere god nok.

Gåande på vakt.
Oppmerksam.
I høggir.

Perfeksjonisme kan vere tettare knytt til smerte enn du trur:
Over tid kan dette halde nervesystemet i beredskap og vere med på å oppretthalde smerter eller andre nevroplastiske symptom.

Fire personlegheitstrekk mange med nevroplastiske symptom kjenner seg igjen i:

✅ Perfeksjonisme
✅ Samvitsfullheit
✅ Engstelegheit
✅ Behov for å gjere andre nøgde

Første steget er å bli bevisst eigne mønster:
Kva får nervesystemet ditt til å gå i beredskap?

PRT jobbar vi med å skape tryggleik og dempe frykta for symptoma. Det handlar også om å lette presset vi legg på oss sjølve.

Kanskje er det dette kroppen din treng: tryggleik og eigenomsorg.

Vil du forstå meir om nevroplastisk smerte og PRT?
Les artikkelen vår: Tre hovudformer for smerte https://muritunet.no/artiklar/tre-hovudformer-for-smerte

Ver litt snillare med deg sjølv i dag. Du er god nok ❤️ 📩 Del gjerne med nokon som treng denne påminninga.

22/08/2026

Nokre ledige plassar 7. september 📅

Har du lese deg opp på nevroplastisitet og PRT, og trur at plagene og symptoma dine kan bli betre?

Vi har neste PRT-kurs 7. september ved Muritunet på Moa.

PRT kan vere aktuelt ved mellom anna:

* Utmatting
* Hovudpine
* Smerter
* Hjernetåke
* Muskelverk
* Prikking
* Vanskar med rørsle
* Angstliknande symptom

Alt du kjenner, er ekte. Samstundes gjer kroppen vår mykje utan at vi er klar over det. Hjernen og nervesystemet jobbar heile tida med å beskytte oss mot det den oppfattar som fare.

Høyrest dette litt rart ut? Ja, kanskje. Men smerte er ikkje alltid eit teikn på at noko er skadd eller farleg.

Vil du vite meir om nevroplastisitet og PRT?

Les meir på muritunet.no under Andre tilbod. Der finn du også kontaktinformasjon til avdelinga vår på Moa for spørsmål og påmelding.





Positive erfaringar med Pain Reprocessing Theraphy ved Muritunet Brukarundersøking første halvår 2026 viser at deltakara...
20/08/2026

Positive erfaringar med Pain Reprocessing Theraphy ved Muritunet

Brukarundersøking første halvår 2026 viser at deltakarar trekkjer fram Pain Reprocessing Therapy (PRT) som ein nyttig del av rehabiliteringsopphaldet ved Muritunet. Tilbakemeldingane viser særleg til nye verktøy, auka forståing og tett individuell oppfølging.

Ved Muritunet arbeider vi kontinuerleg med å utvikle rehabiliteringstilbod som kan gi deltakarane betre forståing av eigen situasjon og konkrete verktøy dei kan ta med seg vidare. Eitt av tiltaka som er teke i bruk, er Pain Reprocessing Therapy (PRT).

PRT er ein tilnærming som rettar merksemda mot korleis hjernen og nervesystemet kan vere involvert i vedvarande smerteopplevingar. Målet er å gi deltakarane kunnskap og verktøy som kan bidra til å møte smerte på nye måtar.

Tilbakemeldingar frå deltakarar som har vore gjennom arbeidsretta rehabilitering ved Muritunet, viser gode erfaringar med tilnærminga.

«PRT-opplegget har vore fantastisk. Veldig glad for at eg fekk vere med på det.»

«Masse verktøy jeg tar med meg videre, spesielt PRT.»

«Meget glad for PRT og for ekstremt tett og god personlig oppfølging.»

Fleire av tilbakemeldingane viser at PRT blir opplevd som både interessant og nyttig. Samtidig gir deltakarane verdifulle innspel til korleis tilbodet kan utviklast vidare. Mellom anna blir det etterlyst meir undervisning om PRT tidleg i rehabiliteringsopphaldet og god tid til individuell oppfølging.

«Hatt PRT-behandling. Heilt klart nyttig.»

Utvikling i samarbeid med deltakarane

Tilbakemeldingane frå deltakarane er viktige i vidareutviklinga av rehabiliteringstilboda ved Muritunet. Dei gir kunnskap om både det som fungerer godt og kva som kan bli endå betre.

Erfaringane så langt tyder på at PRT kan vere eit verdifullt supplement i rehabiliteringa for utvalde deltakarar. Særleg kombinasjonen av kunnskap, konkrete verktøy og tett oppfølging blir framheva som positiv.

Ved Muritunet ønskjer vi å gi rehabilitering som tek utgangspunkt i den enkelte sine utfordringar, ressursar og mål – og som gir verktøy ein kan bruke også etter at opphaldet er avslutta.

Korleis vite om symptoma kan vere nevroplastiske?Det første steget er alltid å utelukke medisinske årsaker til symptoma ...
18/08/2026

Korleis vite om symptoma kan vere nevroplastiske?
Det første steget er alltid å utelukke medisinske årsaker til symptoma gjennom nødvendige undersøkingar

Nokre kjenneteikn ved nevroplastiske symptom:
✅ Symptoma oppstod i ein stressande eller belastande periode
✅ Symptoma er uregelmessige eller uforutsigbare
✅ Symptoma flyttar på seg eller varierer i lokalisasjon
✅ Symptoma blir forsterka av stress, bekymring eller uro
✅ Undersøkingar har ikkje gitt ei tilstrekkeleg forklaring på plagene

Denne sjekklista er ikkje eit diagnostisk verktøy, men ei oversikt over nokre vanlege kjenneteikn som kan vere relevante ved nevroplastiske smerter og symptom.
Ønskjer meir informasjon om PRT (Pain Reprocessing Therapy)?

👉 https://muritunet.no/prt

Utanforskap heng ofte saman med psykiske utfordringar, låg sjølvkjensle og sosial isolasjon.Muritunet ønskjer å hjelpe u...
11/08/2026

Utanforskap heng ofte saman med psykiske utfordringar, låg sjølvkjensle og sosial isolasjon.

Muritunet ønskjer å hjelpe unge vaksne til betre meistring, auka livskvalitet og tru på eiga framtid.

For det finst håp!

Muritunet testar eit nytt tiltak for unge mellom 18 og 30 år som ønskjer hjelp på vegen tilbake til utdanning eller arbeid.

Målet er å styrkje arbeidsevna, auke meistringa i kvardagen og hjelpe deg vidare mot arbeid eller utdanning.

Ta kontakt med fastlegen din, føresette eller ein av våre medarbeidarar dersom du har spørsmål om tilbodet. Du kan òg ta kontakt direkte med oss.

Les meir på vår nettside🔗👇https://muritunet.no/rehabiliteringstilbod/arbeidsretta-rehabilitering/ung?utm_source=facebook&utm_medium=social&utm_content=organisk-innlegg&utm_campaign=arr-ung

10/08/2026

Utanforskap heng ofte saman med psykiske utfordringar, låg sjølvkjensle og sosial isolasjon.

Muritunet ønskjer å hjelpe unge vaksne til betre meistring, auka livskvalitet og tru på eiga framtid.

For det finst håp! 🙋‍♀️💕

Muritunet testar eit nytt tiltak for unge mellom 18 og 30 år som ønskjer hjelp på vegen tilbake til utdanning eller arbeid.

Målet er å styrkje arbeidsevna, auke meistringa i kvardagen og hjelpe deg vidare mot arbeid eller utdanning.

Ta kontakt med fastlegen din, føresette eller ein av våre medarbeidarar dersom du har spørsmål om tilbodet. 🔗 Du kan og ta kontakt direkte med oss.

Gratulerer til ❤️Tiril Louise S Lyngstad ❤️ med fagbrev som ernæringskokk idag. Meget bra jobba. 🇧🇻🇧🇻Flott levert av hei...
09/07/2026

Gratulerer til ❤️Tiril Louise S Lyngstad ❤️ med fagbrev som ernæringskokk idag. Meget bra jobba. 🇧🇻🇧🇻Flott levert av heile kjøkkenet, lærling nr 29 har fått hjelp og støtte til å nå sine mål.👏👏👏

Adresse

Grandegata 58, Valldal//Moa: Langelandsv. 17, 6010 Ålesund
Valldal
6210

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Muritunet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Muritunet:

Snarveier

Del