07/01/2026
I 4. kvartal 2025 fekk vi inn 22 nominasjonar av lokale lag og organisasjonar.
Nominasjonen til Einar Wathne vart trekt som vinnar. Han nominerte Lunde Bygdalag.
Leiar i Lunde bygdalag, Øystein Flakke, seier at laget driv med mykje forskjellig. Dei bidreg med å lage/oppgradere turstiar som Malkenesrunden, Gjersmyra, halde open kulturstova på dagtid ved butikken, bidra til seniortreff i bygda, arrangere fredagsklubb i kulturstova, (foreldre drar denne), 17. mai arrangement, St.hans-feiring i Apalvika og Nissemarsj før jul. Dei bidreg også med oppgradering av ballbingen, lyftar fram kulturminnet Humleviksbrua og andre ting som styret finn naturleg å jobba med.
Bygdalaget er eit frivillig lag, og alt arbeid vert utført på dugnad. Styret organiserer, og så er det den enkelte som bidrar med dugnad som er så viktig.
Me gratulerer Lunde Bygdalag med gevinsten på kr 5000,-.
Bildet er tatt frå Steinåsen, eit fint turmål i Lundegrend.