Gasta design & kommunikasjon

Gasta design & kommunikasjon Eit digitalbyrå som kombinerer effektive løysingar og strategisk kommunikasjon. Som ekspertar på Squarespace, utviklar vi nettsider på ei veke.

Med kortreist merkevarestartegi legg grunnlaget for gode merkevarer på få dagar. Effektivt og gjennomtenkt! Gasta skaper merkevarer, design, nettsider og kampanjar som hjelper deg å nå forretningsmål. Å vite at kommunikasjon funkar er vår drivkraft.

03/08/2026

Korleis lage 29 nettsider som er enkle å drifte, utan å bygge 29 ulike løysingar? 🤓 Det var utfordringa då Fjellstyrene i Norge skulle samle organisasjonen på éi felles digital plattform. Resultatet vart ei smart Squarespace-løysing som sparer både tid og kostnader 👌 Sjå meir om korleis vi løyste prosjektet her:

Norges Fjellstyresamband – felles plattform basert på Squarespace Korleis utvikle moderne og brukarvennlege nettsider for både ein nasjonal organisasjon og 29 lokale fjellstyrer – utan at løysinga blir kostbar å utvikle og krevjande å drifte?Det var utfordringa då Norges Fjellstyresamband ...

For ei tid tilbake laga vi ny visuell identitet til Luster kommune 😍 Vi synest den er så sommarleg og fresh at vi ville ...
29/07/2026

For ei tid tilbake laga vi ny visuell identitet til Luster kommune 😍 Vi synest den er så sommarleg og fresh at vi ville dele den igjen!

Identiteten hentar inspirasjon frå dei djupe, klare fjordane, dei majestetiske fjella og det frodige kulturlandskapet som gjer Luster unik. Fint, ikkje sant? 🏔️

🔗 Meir om profilprosjektet her: https://www.gasta.no/prosjekt/luster-kommune

Tørst i sommar? ☀️ Vi synest det er utruleg kjekt å jobbe med Lerum og det freshe produktet ZERoh! Her samarbeider vi go...
21/07/2026

Tørst i sommar? ☀️ Vi synest det er utruleg kjekt å jobbe med Lerum og det freshe produktet ZERoh! Her samarbeider vi godt med flinke eksterne designarar og har utvikla nettside på både norsk, svensk og finsk! Unn deg gjerne eit smakfullt glas i sommar 🍌🍐🍉

Besøk gjerne nettsida (på norsk) her: https://www.zeroh.no/

Norske vikingar er i vinden for tida 🇳🇴 Det er litt ekstra kjekt for kunden vår Viking Valley Gudvangen som driv nettopp...
09/07/2026

Norske vikingar er i vinden for tida 🇳🇴 Det er litt ekstra kjekt for kunden vår Viking Valley Gudvangen som driv nettopp vikinglangsby! Midt i herleg vestlandsnatur, på vegen mellom aust og vest, tilbyr dei ein underhaldande og lærerik oppleving for turistar og andre tilreisande. Vi i Gasta ønsker lukke til med ein travel sommarsesong! ☀️

I morgon brakar det laus med Norsk Countrytreff 🤠🎉 Ein kunde vi har jobba med gjennnom mange år, og som det alltid er my...
07/07/2026

I morgon brakar det laus med Norsk Countrytreff 🤠🎉 Ein kunde vi har jobba med gjennnom mange år, og som det alltid er mykje liv og røre med! Siste nytt er at dei hiv seg rundt på kort varsel og arrangerer live-visining av VM-kampen Norge-England på laurdag under festivalen. DET kallar vi å vere på lag med publikum! 👌 Ein fryd å jobbe med nettside, digital annonsering og trykksaker for denne kunden, vi ønsker LUKKE TIL med årets festival 🎶💚

Alltid artig å sjå kundar i media 😃 Kviknes Hotel viser fram dei nye suitane i det historiske sveitsarbygget. Kjekt å ve...
30/06/2026

Alltid artig å sjå kundar i media 😃 Kviknes Hotel viser fram dei nye suitane i det historiske sveitsarbygget. Kjekt å vere ein del av prosjektet der Gasta har jobba med korleis hotellet skal formidle det nye Deluxe-tilbodet på kviknes.no og sosiale medium 🖥️

Ta gjerne en kikk her: https://www.kviknes.no/deluxerom

Takk til hotelldirektør Sigurd Kvikne for tillita og godt, fast samarbeid 🤝

(Saka i Sogn Avis krev abonnement

Store endringar har skjedd i gamledelen av Kviknes hotell i Balestrand.

Måål! ⚽️ I helga er det Lerum Cup i Sogndal. Ei av dei største turneringane på Vestlandet, med over 300 lag og 4000 delt...
25/06/2026

Måål! ⚽️ I helga er det Lerum Cup i Sogndal. Ei av dei største turneringane på Vestlandet, med over 300 lag og 4000 deltakarar årleg. Då er det mykje som skal organiserast og ordnast - og kommunikasjonen er sjølvsagt noko av det 📣

Vi i Gasta er glade for å hjelpe til, og har vore fast samarbeidspartnar på nettsida lerumcup.no og kommunikasjon gjennom fleire år. Sjølv om cupen óg gjer mykje på eiga hand 🤓

Designar Hilde Nes, utviklar Frode Berge og markedsførar Ingvild Helle Hagen er blant dei som har vore involvert opp igjennom.

Og så må det nevnast at både Hilde og dagleg leiar Astri Knudsen er engasjerte fotballmødre som er til stade under turneringa, så vi gler oss stort!

Masse lukke til med helga! Det blir moro med liv og røre i bygda 😃⚽️

(Foto: Lerum Cup & Martin Salbu)

Vi er så glade for samarbeidet med Besøkssenter villaks Lærdal 😁🐟 Som kommunikasjonsfolk er det spennande å bidra til ku...
11/06/2026

Vi er så glade for samarbeidet med Besøkssenter villaks Lærdal 😁🐟 Som kommunikasjonsfolk er det spennande å bidra til kunnskapsformidling om villaksen, og vi kan like ei lita ekstra utfordring om å skape auka besøk til senteret i år 📈🚀

Visste du at villaksen har levd på jorda i millionar av år, men no er truga i norske lakseelver?

Saman med dagleg leiar Alf Olsen jobbar vi for å fremje kunnskap om dette. I tillegg til å ha laga nettsida, har vi ei fast avtale om innhaldsproduksjon i digitale kanalar. Vi har óg jobba fleire år med det som no heiter Digitalt villakssenter, ein kunnskapsdatabase på nett.

Ei kjekk utfordring og eit godt, fast samarbeid 🫶

Meir informasjon:

Digitalt villakssenter: https://www.villakssenter.no/
Besøkssenter villaks Lærdal: https://www.villakslaerdal.no/

08/06/2026

Vi er glade for å ha inngått fornya avtale med Fjørarock og Erlend Fardal Lunde 😃🎶 No har dei lansert festivalen for neste år, og vi gler oss! Fint å kunne fremje eit lokalt arrangement og hjelpe med marknadsstøtte når det trengst, samtidig som vi kan samle kontorgjengen til ei kjekk festivalhelg i bygda vår 💃

"What will people do all day?" 👀 Årets tema på LOGIN-konferansen i Vilnius treff blink på noko mange lurar på med all AI...
28/05/2026

"What will people do all day?" 👀 Årets tema på LOGIN-konferansen i Vilnius treff blink på noko mange lurar på med all AI-utviklinga rundt oss 🎯 Heldigvis er vår webdesignar Simon Falkauskas tilstades for å finne ut av nettopp det 🤓

I ei tid der kunstig intelligens og teknologi endrar seg fortare enn vi klarar å tilpasse oss, er det liten tvil om at konferansen tek pulsen på noko mange både gleder seg over og bekymrer seg for.

Arbeid blir automatisert, yrker og roller blir utfordra og vanane våre endrar seg. Korleis kan vi tilpasse oss det, og dra nytte av det?

Konferansen har 8.000 deltakarar, og speakers frå heile verda som skal dele sine perspektiv på leiarskap, kunstig intelligens, kreativitet og teknologi.

Vi andre i Gasta gler oss til å høyre kva Simon lærer og bli inspirert - og vi lovar sjølvsagt å dele det viktigaste med kundane våre så snart han er tilbake 😎

Adresse

Trolladalen 30
Sogndalsfjøra
6856

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4757627770

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gasta design & kommunikasjon legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Gasta design & kommunikasjon:

Snarveier

Del