04/07/2025
Då er det ferietider igjen for mange av oss. Men for hackarane er dette ofte den travlaste perioden. Vi deler innlegget vårt frå i fjor med gode råd om kva du bør tenke på når det gjeld IT-sikkerheit.
God sommar!
Mange har allereie starta sommarferien, for andre er den rett rundt hjørnet. Nettkriminelle tek derimot ikkje fri og utnyttar at folk er i feriemodus og har senka skuldrene.
Her er nokre tips for å beskytte deg i sommar:
Ver forsiktig med å koble deg til opne trådlause nettverk på f.eks flyplassar, hotell o.l. Du bør heller koble deg opp ved å bruke mobilnettet (4G/5G). Det er mykje sikrare.
Som elles i året, ver skeptisk til å klikke på lenker i epost, SMS eller andre meldingstenester. Phishingforsøk er ekstra vanleg i ferietida. Ser det ut som meldinga kjem frå ein kjent aktør der du er kunde kan du heller starte nettlesaren din, skrive inn adressa til aktøren og logge inn på vanleg måte. Er det noko problem med kontoen eller abonnementet vil du få beskjed om det då.
Bruk sikre passord. Ikkje bruk same passord fleire stader. Aktiver tofaktorpålogging der det er mogleg.
Sikre dingsane dine: Hald operativsystem og anna programvare oppdatert. Sørg for å aktivere skjermlås / krav til pålogging både på mobil og datamaskin. Dersom mogleg aktiver diskkryptering (Bitlocker e.l) på datamaskina. På den måten unngår du at andre får tilgang til innhaldet dersom maskina blir stolen.
God sommar! 😎☀️