18/03/2020
Kanskje det er no du kan starte nettbutikk?
No som mange butikkar har mista mykje av det vanlege kundegrunnlaget, kan det vere lurt å sjå på løysningar for å nå folk heime. Paradoksalt nok kjem koronakrisa berre ein månad etter at netthandelsfirmaet eg jobba i, Shop Science, gjekk konkurs etter eit problemfylt år (heilt uavhengig av korona). Men eg er her enno. Buande i Kviteseid, og med all kompetansen og lang IT-erfaring med meg. Dei siste fire åra har målet vore å tilby netthandel til verksemder i Vest-Telemark, og det ynskjer eg å halde fram med.
Eg kan tilby ferdig oppsett nettbutikk frå kr 10 000 i oppstart, og kr 700/mnd. Eg tilbyr også nettsider, appar og kan utvikle alle typar betalingsløysingar for dei som treng det. Du legg sjølv inn varer i nettbutikken (men eg lærar deg korleis), og du tek imot ordrar, pakkar og sender ut varer. Standard nettbutikk har Facebook- og Google-integrasjon, slik at du kan tagge varer i bilete og videoar du legg ut, eller vise dei i annonsar via Google. Du får også rabattkodar og påmelding til nyhetsbrev, som kan brukast til å engasjere fleire kundar.
Eg må presisere at ingen bør ha som mål å berre drive nettbutikk under koronakrisa. Det tek tid og arbeid å få kundar til å kome innom, så du kan ikkje vente å kunne kompensere for tapt forteneste no. Men om du har ledig tid, kan du bruke han på å registrere varer og reklamere på nett. Du tener kanskje litt ekstra no, men står også betre rusta i framtida. Unge folk i dag orienterar seg for det meste på nett, så det er ein lur stad å ha varene dine uansett krise eller ikkje. Ta gjerne kontakt!
Arnstein