22/06/2023
Åraksbø – eit verkeleg fint smykke i Setesdal!
Nå har eg vore oppe hos Knut på Setesdalstrykk og henta det siste bildeheftet eg har laga, frå Åraksbø. Det er alltid veldig spennande å sjå bilda på trykk. Eg er spent på om det er blitt slik eg hadde tenkt. I dette heftet er trykken heilt framifrå, takk til Knut På Bø. Der kvaliteten på bilda ikkje er på topp er det absolutt fotografen som har det heile og fulle ansvaret 🤓
Landskapet i og rundt Åraksbø er verkeleg vakkert, etter mi meining. Det er "låglandet" i Setesdal på noko av sitt finaste. Om eg har klart å få det fram på ein god måte må andre sjølvsagt ha sine eigne meiningar om. Men EG er nøgd med korleis eg har fått vist fram Åraksbø, slik eg i korte glimt har sett denne vene grenda i dalen på fototurane mine oppover og nedover i dalen.
Det å vere bokprodusent på hobbybasis er så langt ikkje ein veldig lukrativ bransje 😁 Men her er eg så heldig at rett mange har tinga heftet på førehand. Dei skal eg få levert ut i løpet av ei veke eller to. Nokre trur eg også at eg kan få lov til å legge ut for sal hos Olav G. på Stoga og hos Vigdis på Coop Marked Ose. Då har eg nokre få igjen for sal sjølv.
Så det å få presentert Åraksbø i dette vesle heftet er ein fin opptur for meg. Eg håpar heftet blir til glede for kjøparane òg 💝