19/02/2026
Du vil ikkje tru kva som skjedde på digitalt påfyll i dag! 🤯
Jodå, hardføre jærbuar trassa kulde og is for å koma seg fram til lun og god stemning på Rits kafé & vinstove i dag. Inne vart det servert varm kaffi og kanape-skjever, medan Bjørn Esaiassen frå Ixys ga oss digitalt påfyll ☕️
Det me lærte var at Ixys lagar og utviklar mange kule greier i lokala sine på Håland på Bryne. Ein av rettesnorene deira er at dei beste ideane får du kanskje ikkje i arbeidstida, men når du har det gildt og leikar med teknologi! Som då dei gjekk frå å eksperimentera med ein liten radiostyrt bil til sanntids-fjernstyring av bilar på flyplassar over 5G og Starlink. Så i Ixys går leik med teknologi og lønnsame kundeprosjekt hand i hand 🤝
Leik + teknologi = ❤️💚💙