01/04/2026
Ilder tek neste steg saman med Nordlo 🚀
For å kunne vekse i takt med alle førespurnadene vi får, og ta på oss større kundeoppdrag nasjonalt, blir Ilder ein del av Nordlo.
– Vi leita etter ein partnar som verdset fornøgde kundar, engasjerte medarbeidarar og høg kvalitet i leveransane like høgt som vi gjer, seier Jon Arild Jacobsen, dagleg leiar i Ilder.
– Vi hadde dialogar med fleire ulike selskap i løpet av hausten. Valet fall på Ilder først og fremst på grunn av den kulturelle matchen, med felles syn på strategi og selskapskultur, men framfor alt på kor viktig fornøgde kundar og medarbeidarar er. Det er Nordlo sin viktigaste suksessfaktor for vekst, seier Bjørn André Lerøen, forretningsområdesjef for Nordlo Norge.
Les meir her 👉https://nordlo.com/no/pressemelding/nordlo-kjoper-it-raketten-ilder