Omega 365 Design

Omega 365 Design Omega 365 Design jobbar fram målretta løysingar for digitale og trykte flater.

Omega 365 Design bidreg med å gjera kundene våre konkurransedyktige og synlege i marknaden.

23/09/2026

No er den her! 🫶 Sjekk ut vår nye nettside fullasta med tenester, prosjekt og folk på omega365design.no! 🎈

16/09/2026

Kor skal ein vere på SoMe? Kor ofte? Og kva i alle dagar skal ein SEIE? For ikkje å snakke om KI? Korleis brukar ein det til sin fordel, utan å ende opp som ein robot sjølv? 🤖

Det fortel Hanna Maria og Judith deg på dei komande kurskveldane for lag og organisasjonar i Suldal. 🫸🫷

22. september: Kurskveld 1 — Frå dugnad til synlegheit. Praktisk kurs i sosiale medium.

29. september: Kurskveld 2 — Jobb smartare med KI. Få meir gjort på kortare tid!

Målet med kveldane: at de skal gå heim med kunnskap og verktøy de faktisk kan ta i bruk! 💪

Stad: Kulturhuset i Suldal
Tid: 19-21 (begge kveldane)

Meir info og påmelding finn du på Suldal frivilligsentral sine nettsider og via lenke her: https://suldal.frivilligsentral.no/hendelse?frivilligkonferansen-2026&Id=2698940 👋

Du googlar ikkje nødvendigvis det neste spørsmålet du sit med. Kanskje du spør KI? 🤖 Som: "Kva kan eg lage til middag i ...
09/09/2026

Du googlar ikkje nødvendigvis det neste spørsmålet du sit med. Kanskje du spør KI? 🤖

Som:
"Kva kan eg lage til middag i dag på under tjue minutt, som er næringsrikt og som ein kresen fireåring likar?"
"Kva er den beste staden å ete lunch på ein helgetur til i Paris?"
"Kven var den første kongen til å bli krona i Noreg?".

Men også:
«Kven kan hjelpe bedrifta mi med …?»
«Kva firma på Vestlandet tilbyr …?»
«Kven bør me kontakte dersom …?»

Stadig fleire bruker KI-tenester som ChatGPT, Claude og Copilot til spørsmål dei tidlegare ville ha skrive inn i Google. Det betyr at søk er i endring, også når nokon vil finne deg. 🔍

Då vert spørsmålet: Forstår søkemotorar og KI kva bedrifta di faktisk tilbyr?🤔

Godt innhald, god nettsidestruktur og SEO er framleis viktig, men no bør me også tenkje på korleis nettsida blir forstått av Chat GPT, Claude, Copilot og andre KI-tenester. I Omega 365 Design hjelper me kundane våre med nettopp dette.

Er nettsida di klar for den nye måten me søkjer på? Ta kontakt med oss, så tek Terje og teamet ein sjekk av nettsida di. 👋

Slit laget dykkar med å få sving på sosiale medium? Eller brukar det kanskje meir tid enn de ønskjer på sosiale medium, ...
03/09/2026

Slit laget dykkar med å få sving på sosiale medium? Eller brukar det kanskje meir tid enn de ønskjer på sosiale medium, utan heilt å vite om det verkar? 🧐

Kva skal de poste? Kor ofte? Facebook eller Instagram? Og kan KI faktisk hjelpe, utan at innhaldet høyrest ut som det er skrive av ein robot?🤖

Gjennom to praktiske kurskveldar får lag og organisasjonar i Suldal verktøy som kan gjere kommunikasjonsarbeidet både enklare, raskare og betre. Kursa er i regi av Suldal frivilligsentral og Omega 365 Omega står for innhaldet.

📱 Kurskveld 1: Sosiale medium for lag og organisasjonar

De lærer korleis laget kan bli meir synleg med enkle grep, utan at sosiale medium blir endå ei stor oppgåve på toppen av alt anna.

De får konkrete tips til:
→ kva de bør publisere og kvar
→ korleis de kan planleggje innhaldet
→ korleis de lagar innlegg som engasjerer
→ gode rutinar som sparer tid
→ døme frå lag og organisasjonar i Suldal

🤖 Kurskveld 2: KI i kommunikasjonen
Her lærer de å bruke KI som ein praktisk medhjelpar, og ikkje som ei erstatning for dykkar eiga stemme.

De får prøve verktøy som kan hjelpe dykk med å:
→ skrive og forbetre tekstar raskare
→ få idear når de står fast
→ jobbe enklare med bilete og innhald
→ tilpasse bodskap til ulike kanalar
→ spare tid på det daglege kommunikasjonsarbeidet

Målet: å gå heim med kunnskap og verktøy de faktisk kan ta i bruk med ein gong. 🤗

God kommunikasjon treng ikkje vere komplisert, heller ikkje når den blir gjort på dugnad.

👉 Påmelding: https://suldal.frivilligsentral.no/hendelse?frivilligkonferansen-2026&Id=2698940

hashtag hashtag hashtag

02/09/2026

Nokre oppdrag rører oss veldig. ❤️

27/08/2026

Noko kjem til å komme 👀

Var du på The Tall Ships Races i Stavanger, såg du kanskje desse flotte karane? ⚓Dei er ildsjelene som har tatt Kvitsøy ...
04/08/2026

Var du på The Tall Ships Races i Stavanger, såg du kanskje desse flotte karane? ⚓

Dei er ildsjelene som har tatt Kvitsøy I tilbake til fordums g***s, og som i Stavanger stilte som mannskap på muséskipet. Omega 365 Design har laga bekledning og infobanner, så både Kvitsøy I og mannskapet var klare til å fortelje gamle historiar om båtbygging, losskøyter og livet på havet. Og dei er det mange av! 🌊

Losskøyta "Kvitsøy I" vart bygd ved Christensens Båtbyggeri i Risør i 1938/39. Den var i teneste på Kvitsøy heilt fram til 1975. Etter dette var den på seilas mellom ulike eigarar på Sør-Vestlandet, før den i 2010 vart kjøpt opp av eit knippe entusiastar. Etter omsorgsfull restaurering, er den i dag identisk, både i innreiing og rigging frå 1938, og har ein original 40hk Rubb ombord.

Har du lyst til å ta skøyta nærar i augesyn, ligg den til kai ved hummermuseet i Ydstebøhavn, i Kvitsøy kommune. Hiv og hoi! ⛵

Noreg har fått ein ny mediedesignar! 🫶🎉Jonas har hatt stillingstittelen «lærling» hjå oss dei siste åra, men eigentleg b...
03/07/2026

Noreg har fått ein ny mediedesignar! 🫶🎉

Jonas har hatt stillingstittelen «lærling» hjå oss dei siste åra, men eigentleg burde det stått «altmuligmann», «rivjern» og «naturtalent». I dag tok han fagprøven og bestod med g***s! ✨

Til hausten går vegen vidare til studiar i Kristiansand og me stiller oss ivrig opp som heiagjeng på vegen vidare.

Heia Jonas!! 🇳🇴

Snakkast me i Suldal?💃Onsdag 29. april, kl. 09.00-10.30 tek kommunikasjonsrådgjevarane våre Hanna Maria og Inga tempen p...
24/04/2026

Snakkast me i Suldal?💃

Onsdag 29. april, kl. 09.00-10.30 tek kommunikasjonsrådgjevarane våre Hanna Maria og Inga tempen på LinkedIn saman med næringslivet i Ryfylke!

Dette praktiske kurset er for bedrifter som vil bruke LinkedIn meir strategisk til synlegheit, nettverk og rekruttering!

Kurset tek for seg:
• korleis bygge og drifte ein god personleg LinkedIn-profil
• korleis utvikle ein sterk bedriftsprofil
• korleis bruke LinkedIn til rekruttering og arbeidsgivarprofilering
• kva som skil LinkedIn frå andre sosiale medium

Du får også praktiske tips om:
• bruk av bilete og video
• tone of voice på LinkedIn
• korleis algoritmane fungerer
• bruk av LinkedIn Jobs

Alle deltakarar får i tillegg tilbod om ein halvtime individuell rådgiving med Omega 365 Design i etterkant av kurset. Dette er inkludert i kursprisen.

Bli med? Info og påmelding finn du her: https://www.facebook.com/events/26440366735596227/?active_tab=discussion

Pris: Kr 1.500,-, inkl servering ☕

Målbedrifter i Næringshagen i Ryfylke får 50 % rabatt. ⭐️

Skal du på jakt etter nye tilsette i det nye året, ønskjer du å vere synlegare for kundar eller bygge nettverk i din bra...
05/01/2026

Skal du på jakt etter nye tilsette i det nye året, ønskjer du å vere synlegare for kundar eller bygge nettverk i din bransje? Bli med på onsdag, så viser me korleis du kan bruke LinkedIn som eit kraftfullt hjelpemiddel til nettopp dette i 2026!

Er du en av dem som ER på LinkedIn, men aldri liksom har komt helt i gang? 😏

Inga Klokkerstuen Wangensteen og Hanna Maria van Zijp fra Omega 365 Design gir oss tipsene og triksene du trenger for å bygge opp og drifte en aktiv og god LinkedIn-profil for deg og bedriften din 👊

7. januar, kl. 08.30 - 10.00, Medvind Ølensvåg.

PS! Alle deltakere får også tilbud om en halvtimes individuell rådgivingstjeneste med Omega 365 Design i etterkant. Der får dere mulighet til å gå gjennom LinkedIN-profilen, innhold eller strategi, og få råd tilpasset deres behov. Dette er inkludert i kursprisen 👌

Info og påmelding 👇

Adresse

Kvassanesvegen 4
Ølen
5582

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4740006077

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Omega 365 Design legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Omega 365 Design:

Snarveier

Del