Furene AS

Furene AS Vi er ei arbeids- og inkluderingsbedrift med hovudkontor i Furene Industriområde i Volda pluss avdelingar i Ørsta, Dragsund, Fiskå, Ulsteinvik og Hareid.

Vår hovudoppgåve er å få folk i arbeid! • Blei skipa i 1971 og har 130 tilsette.
• Leverandør av ulike tenester til NAV.
• Nyttar både eigne arena og eksterne samarbeidspartnarar i arbeidet med kvalifisering og formidling i arbeidsretta tiltak.
• Eigne produksjonar med leveransar til næringslivet i regionen.
• 219 personar vart formidla til arbeid eller utdanning frå Furene i 2021.

22/05/2026

💙 Tusen takk til Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre for den fantastiske tildelinga på 1,5 millionar kroner til Vaktskifte!

Vi kjenner på stor takksemd, audmjukheit og motivasjon. Dette er ikkje berre ei støtte til eit prosjekt, det er ei investering i menneske, moglegheiter og framtidas arbeidsliv i Møre og Romsdal.

Gjennom Vaktskifte ønskjer vi å byggje sterkare bruer mellom næringslivet og menneske som står utanfor arbeidslivet, i ei tid der samfunnet vårt treng både fleire hender, meir kompetanse og nye måtar å tenkje rekruttering på.

At nokon har tru på det vi prøver å få til betyr enormt mykje. Denne støtta gir oss moglegheit til å utvikle, teste og skape endå meir i samarbeid med næringslivet, deltakarane våre og samarbeidspartnarane i Kopano Møre og Romsdal.

Vi er stolte. Vi er takksame. Og vi er meir motiverte enn nokon gong til å vise kva som kan skje når ein ser ressursane i menneske, ikkje berre hindringane. 🙌

Saman skaper vi nye vegar inn i arbeidslivet. 🚍💙

Astero AS Brisk Furene AS Trollheim Varde

22/05/2026

🚍 Eit lite historisk augeblikk for Vaktskifte og kanskje også for framtidas rekruttering.

Onsdag vart det signert ein innovativ intensjonsavtale saman med Vy Buss og den første Vaktskifte-deltakaren, som no er klar for å starte reisa mot jobb som bussjåfør. 💙

Dette er ikkje teori. Dette er ikkje prosjektprat.
Dette er eit ekte medmenneske, med motivasjon, vilje og potensial, som no har blitt kartlagt, følgt opp og fått ei konkret moglegheit til å kome inn i arbeidslivet gjennom eit heilt nytt samarbeid mellom inkludering og næringsliv.

Neste steg no er føraropplæring hos Langvatn Trafikkskule🚍
Ein stor takk for fleksibilitet og eit godt samarbeidsklima når vi no nærmar oss. Eg er heilt sikker på at kandidaten vår kjem til å bli tatt godt imot av staben der. 🙌

Og igjen, ein enorm takk til Vy Buss.
De har vore fantastiske oppdragsgivarar, sparringpartnarar og medspelarar frå første dag. De tør å tenkje nytt. De tør å satse på menneske. Og de viser i praksis at framtidas rekruttering handlar om meir enn CV og “rett bakgrunn”.

For realiteten er denne:
Vi blir færre folk i arbeidsfør alder i åra som kjem. Samtidig står altfor mange menneske utanfor arbeidslivet. Sjølv om dei både kan, vil og ønskjer å bidra.
Då må vi tørre å byggje nye bruer.
Vi må rekruttere frå potensial, motivasjon og menneskelege ressursar, ikkje berre frå ferdige papir. Dei kan lagast på sikt.
Det er akkurat dette Vaktskifte handlar om. 💡
Å skape nye bussjåførar. Nye fagfolk. Nye moglegheiter.
Og kanskje viktigast av alt:

Nye sjansar. ❤️

Avslutningsvis må det også seiast at Vaktskifte er eit ekte fellesprosjekt, drive fram av Astero, Brisk, Furene og Trollheim/Varde.
Utan fagkompetansen innan rekruttering, inkludering, oppfølging og kartlegging frå søsterbedriftene i Kopano Møre og Romsdal hadde vi aldri klart å byggje Vaktskifte til det handfaste og framtidsretta prosjektet det er i dag. 🤝

19/05/2026
🤝 Nytt lokalt samarbeid 🤩 Saman er vi sterkare 💪Noko av det kjekkaste vi veit, er å finne gode samarbeid med andre lokal...
30/04/2026

🤝 Nytt lokalt samarbeid 🤩 Saman er vi sterkare 💪

Noko av det kjekkaste vi veit, er å finne gode samarbeid med andre lokale bedrifter 🙌

Furene si profileringsavdeling i Dragsund har denne gongen samarbeidd med Dalen Industriservice As AS i Gursken og Glass & Rammesenteret i Ulsteinvik om ei levering av glasblåst glasplate til messebord ✨

Vi vil også takke Polarsyssel og Havila for oppdraget!
Glasplata skal fellast ned i ei bordplate og lyssetjast med LED og ja… dette blir rett og slett råfint 🔥

🔧 Slik har vi løyst det:
• Furene står for designet
• Glass og Rammesenteret leverer spesialtilpassa glas
• Dalen Industriservice står for glasblåsinga

Tidlegare kunne slike leveransar ta månader. No får vi det til lokalt, raskt og med høg kvalitet 💥

💡 Har DU ein idé?
Vi designar og leverer glasløysingar akkurat slik du ønskjer. Ta kontakt, så skapar vi noko unikt saman!

Furene AS, Trollheim, Varde, Astero AS og Brisk fekk tildelt Petter Smart-prisen 2025 for utvikling av Vaktskifte!!Kopan...
22/04/2026

Furene AS, Trollheim, Varde, Astero AS og Brisk fekk tildelt Petter Smart-prisen 2025 for utvikling av Vaktskifte!!

Kopano-bedriftene i Møre og Romsdal fekk tildelt Petter Smart-prisen 2025, ei påskjøning som heng høgt, og som blir tildelt for nytenkning, samarbeid og evne til å skape reell verdi.

Vaktskifte handlar ikkje om små justeringar. Det handlar om å tenke nytt rundt korleis vi jobbar med arbeidsgjevarar:
👉 Korleis bygger vi sterke og varige relasjonar?
👉 Korleis forstår og møter vi reelle behov i arbeidslivet?
👉 Korleis går vi frå standardleveransar til skreddersaum og faktisk verdiskaping?

Gjennom tett samarbeid på tvers av verksemder utviklar vi nye måtar å:
- koble kompetanse og behov
- styrke rekruttering og inkludering
- jobbe meir heilhetleg og langsiktig med arbeidsgjevarar

Kopano er ei landsdekkende kjede med 39 partnerbedrifter, nokre av dei leiande arbeids- og inkluderingsbedriftene i Noreg. Saman skaper vi eit arbeidsliv med plass og moglegheiter for alle.
Dette er eit arbeid som krev både mot, vilje til å dele og evne til å teste ut nye tilnærmingar i praksis.
At dette blir løfta fram med Petter Smart-prisen, er ikkje berre ei anerkjenning av det som er gjort, men ei tydelig forventning om å halde fram med utviklinga.

Furene er stolt av å vere ein del av dette samarbeidet og av å bidra i ny måtar å arbeide på både for oss og bransjen!

15/04/2026
30/03/2026

Stopp scrollinga…
Ja, vi dansar igjen 😅💃🕺

Men det er kanskje ikkje så rart,
for når ein jobbar med menneske, moglegheiter og ekte utvikling kvar dag, så må det vere lov å feire litt også.

No tek vi snart påskeferie og kjem tilbake klare for nye steg, nye folk ut i arbeid og nye bedrifter å samarbeide med 🚀

God påske! 🐣

Kopano AS

25/03/2026

🥐MJØL OG MEIR
opnar på SÆBØ fredag 27. mars kl. 10:00💛🍞🥖🌟

Er du arbeidsgjevar og har behov for meir folk i flokken din?Anne Marta Brenne frå Bunnpris Ørsta oppsummerar det slik: ...
23/03/2026

Er du arbeidsgjevar og har behov for meir folk i flokken din?

Anne Marta Brenne frå Bunnpris Ørsta oppsummerar det slik:
"Eg ser det som eit samfunnsoppdrag å hjelpe til med å få folk i arbeid. Men vi tek ikkje i mot folk berre for å lære dei opp. Vi ynskjer også at dei kan arbeide for oss permanent."

For å komme i kontakt ang rekruttering:
Jahn Christer Nerbøvik Humberset, [email protected]

Furene Kopano Malin Aksnes Jenny Holstad Kristine Langdal

Marzena Lubinska i Ørsta fryktar grammatikken. Men med å lære arbeidslivsnorsk er ho tryggare på at ho får fast arbeid.

Dette er meir enn rekruttering. Det er ein veg inn i arbeid.
19/03/2026

Dette er meir enn rekruttering. Det er ein veg inn i arbeid.

🚍 Vil du bli bussjåfør?

Gjennom Vaktskifte kan du få ei reell moglegheit til jobb hos Vy Buss.

Du treng ikkje ha alt på plass i dag, vi hjelper deg på vegen.
Vi ser etter deg som:

1️⃣ Vil ha ein stabil jobb og ta ansvar
2️⃣ Ønskjer å bidra til trygg transport
3️⃣ Tek trafikksikkerheit på alvor
4️⃣ Kan kommunisere på norsk (minst nivå B1)
5️⃣ Har eller vil ta førarkort klasse D
6️⃣ Har eller vil ta yrkessjåførkompetanse (YSK)
7️⃣ Møter presis og er påliteleg
8️⃣ Er komfortabel med skiftarbeid (morgon/kveld)
9️⃣ Kan jobbe sjølvstendig
🔟 Held roen når uventa situasjonar oppstår
1️⃣1️⃣ Møter folk med respekt
1️⃣2️⃣ Kan bruke enkle digitale system
1️⃣3️⃣ Har vandel som gir køyreseddel
1️⃣4️⃣ Kan få helseattest
1️⃣5️⃣ Vil lære og utvikle deg over tid

💚 Dette får du gjennom Vaktskifte:
🟢 Opplæring
🟢 Førarkort klasse D og YSK
🟢 Tett oppfølging undervegs
🟢 Moglegheit for stilling frå 10–100 %

Dette er ikkje berre eit kurs.
Det er ein veg inn i arbeid.
Plassane er avgrensa.
Etter kartlegging og samtale vurderer vi kven som går vidare til førarkort og jobbsporet hos Vy Buss.

📩 Send CV og kort søknad til:
Avdelingsleiar i Furene,
Jahn Christer N. Humberset
[email protected]
90516441

Har du spørsmål eller vil ta ein uforpliktande prat, er du også velkomen til å ta kontakt.

Kopano AS Furene AS Vy Varde Trollheim Brisk Astero AS

Adresse

Volda

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4770074850

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Furene AS legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Furene AS:

Del