22/09/2026
Medvind er eit tilbod til unge vaksne som har eit ønskje om å komme i arbeid eller utdanning.
Prosjekt Medvind er i utgangspunktet eit tilbod for unge vaksne mellom 18 og 30 år, som står utanfor arbeid og skule. Vi veit at det er mange i denne gruppa som ikkje går på skule eller har jobb.
Dette er noe vi i Furene ønskjer å gjere noko med. Gjennom gode samarbeid har vi tru på å lykkast med nettopp dette. Finansiering av Sparebanken Møre, lokasjon på Skaparhuset og tett dialog og samarbeid med Ulstein Næringsforum og Ulstein kommune er heilt avgjerande for å lykkast.
Kjenner du nokon dette kan passe for, ta kontakt!
Les meir i den fine saka under og på lenkene i kommentarfeltet.
Vi er både glade og stolte over at Skaparhuset får vere heimebane for det nye prosjektet Medvind, eit samarbeid mellom Furene AS, Sparebanken Møre og Ulstein kommune.
Målet er enkelt, men viktig: å gi unge vaksne som står utanfor arbeid og utdanning eit fellesskap, meistringsopplevingar og nye moglegheiter til å finne si eiga retning vidare.
For oss betyr det mykje at Skaparhuset kan vere ein stad der slike initiativ får vekse fram. Vi trur på krafta i møte mellom menneske, på lågterskel arenaer der ein kan få prøve, feile, lære og oppleve meistring i sitt eige tempo.
Vi vil løfte fram Sparebanken Møre, som gjennom finansieringa av prosjektet viser kva samfunnsansvar kan vere i praksis. Lokalsamfunna våre treng aktørar som investerer i menneske ✨
Vi veit at mange unge har ressursar, talent og arbeidslyst som av ulike grunnar ikkje kjem til sin rett. Difor har vi stor tru på tiltak som tek utgangspunkt i den enkelte sine behov, byggjer relasjonar og gir rom for gradvis utvikling.
Fleire i utdanning. Fleire i arbeid. Fleire som får kjenne på meistring og tilhøyrsle. Det er eit mål vi trur heile regionen kan samle seg om 💛
Vi gler oss til å følgje Medvind vidare, og til å vere best mogleg vertskap for eit prosjekt som kan få stor betydning for mange unge på Søre Sunnmøre.
Finn lenker til meir info i kommentarfelt 👇
Foto: Ole-Ottar Thorup Høgstavoll, Vikebladet Vestposten