Espen Andrè Solutions

Espen Andrè Solutions Espen André Solutions AS tilbyr foto, IT-service og konsulentbistand.
💡 Enkel hjelp, store forskjellar – små grep som gjer kvardagen enklare.

På jobbreise 🚆💻Denne veka er eg på jobbreise i samband med oppdrag, og vil difor ha noko redusert tilgjengelegheit. Eg s...
11/05/2026

På jobbreise 🚆💻

Denne veka er eg på jobbreise i samband med oppdrag, og vil difor ha noko redusert tilgjengelegheit. Eg svarar på meldingar og e-post så fort eg har moglegheit mellom oppdraga.

Eg er tilbake i normal drift frå 18. mai.

Takk for forståinga – og som alltid, ta gjerne kontakt så svarar eg så snart eg kan!

-Espen

‼️TILBOD – Nettbrett til salgs! ‼️Eg har eit heilt nytt og uåpna Lenovo IdeaTab 11 Wi-Fi 128 GB til salgs!Perfekt for de...
05/05/2026

‼️TILBOD – Nettbrett til salgs! ‼️
Eg har eit heilt nytt og uåpna Lenovo IdeaTab 11 Wi-Fi 128 GB til salgs!

Perfekt for deg som treng eit stabilt og raskt nettbrett til:
✔️ Surfing og nettbank
✔️ Streaming (Netflix, YouTube osv.)
✔️ Enkel jobb/skulebruk

📱 Kort om nettbrettet:
– 11” skjerm med skarp oppløysing (2.5K) og 90Hz
– 8 GB RAM og 128 GB lagring
– Rask prosessor og Android-system
– God batteritid
💰 Pris: 2.000,- kr
(Nypris er høgare – her gjer du eit skikkeleg godt kjøp!)

📦 Framleis i original emballasje – aldri brukt
📍 Kan hentast lokalt / evt. avtal levering
👉 Les meir om nettbrettet her:

https://www.power.no/data-og-tilbehoer/nettbrett-og-tilbehoer/nettbrett/lenovo-ideatab-11-wi-fi-128-gb-graa/p-4103279/store/1643/?gclsrc=aw.ds&gad_source=1&gad_campaignid=1597376088&gbraid=0AAAAADbZ1UoEgusHxFAlHkdzTO32azl70&gclid=CjwKCAjwqubPBhBOEiwAzgZX2tqWXe1D1JlPAdYInpxmzZTqay--Y3XLai0eQhu7zQeqp-WEW8iohBoCzKQQAvD_BwE

👉 Send meg ei melding om du er interessert eller har spørsmål!

Enorm 7040 mAh-batteri gir overlegen levetid for kontinuerlig produktivitet. Kjøp Lenovo IdeaTab 11 Wi-Fi 128 GB, grå hos Power.no - Norges raskeste nettbutikk! Alltid lave priser.

Minnar om kurs kl 11:30 i Skjåk i morgon – vel møtt! 😊
27/04/2026

Minnar om kurs kl 11:30 i Skjåk i morgon – vel møtt! 😊

14/04/2026

I dag hadde eg oppstart av digitalt kurs ved Frivilligsentralen i Skjåk – og for ein start det vart! 🙌

Heile 26 deltakarar møtte opp første dag.
Det viser berre ein ting: behovet er der.

Dette er akkurat grunnen til at eg held på med dette.
For mange handlar det ikkje om vilje – men om å få tryggleik, forståing og ein plass å spørje 💻📱

Det var skikkeleg kjekt å sjå:
👉 engasjement
👉 folk som tør å stille spørsmål
👉 og god stemning i rommet



💬 Dette er meir enn eit kurs

Dette er ein plass du kan kome:
✔ om du står fast
✔ om du lurer på noko
✔ eller berre vil bli litt tryggare digitalt



📍 Skjåk: kvar tysdag
📍 Lom: kvar onsdag

Det er berre å møte opp 😊

10/04/2026

Dette handlar om meir enn berre kurs!

Eg sit med ei kjensle av at ikkje alle heilt har fått med seg kva dette tilbodet eigentleg er.

Ja – eg held kurs.
Men dette er ikkje berre kurs.

Dette er eit lågterskel tilbod.
Ein stad du kan kome, utan krav.
Ein stad der du kan stille spørsmål – små eller store.
Ein stad der det er heilt lov å vere usikker.

For mange er det ikkje berre teknologien som er utfordringa – det er det å ikkje ha nokon å spørje.
Det å sitje åleine med problem ein ikkje kjem seg vidare frå.

👉 Her skal du sleppe det.

Du treng ikkje kunne noko frå før.
Du treng ikkje melde deg på eit heilt kursløp.
Du kan berre møte opp.

Eg ønskjer å skape ein plass der folk føler seg trygge.
Der ein kan lære i sitt eige tempo.
Og der ingen føler seg “dum” for å spørje.

Dette er eit prosjekt eg verkeleg brenn for.
Fordi digital deltaking i dag ikkje er eit val – det er ein del av kvardagen.

Og då må vi sørge for at alle får vere med.

07/04/2026

📢 Påminning om kurs

Hei 😊
Vil berre minna om kurset i digital hjelp:

📍 Lom Frivilligsentral
🗓 I morgon kl. 11:00

Og vidare:

📍 Skjåk Frivilligsentral
🗓 14. april kl. 11:30

Kurset er lågterskel og ope for alle som ønskjer å lære meir om mobil, digitale tenester og tryggleik på nett 💡

Ta gjerne turen – og tips ein ven eller nabo som kan ha nytte av det 👍

Vel møtt!

03/04/2026

Hei 😊

Til deg som allereie følgjer sida mi – tusen takk! 🙏

Eg veit mange av dykk kjenner til kva eg driv med i Espen André Solutions, men eg treng litt hjelp frå dykk no:

👉 Kan du dele sida mi vidare med dine venner?

Det hadde eg sett pris på 😄

01/04/2026

🌐 Heimesida er oppe igjen!

No har eg fått bygd opp att heimesida mi – og den er endeleg på plass igjen! 🙌

Her finn du informasjon om tenestene eg tilbyr, og det vil kome enda meir innhald framover.

👉 Ta gjerne ein titt: https://www.easolu.no

Har du behov for hjelp med nettside, IT eller digitale løysingar – er det berre å ta kontakt!

Del gjerne vidare 👍

28/03/2026

🌼 Påskeferie 🌼

Espen André Solutions tek påskeferie frå og med tysdag 31.03.26

Det betyr at eg vil vere mindre tilgjengeleg i perioden, men svarar på førespurnader så fort eg er attende etter påske.

Har du noko som hastar, kan du likevel sende ein e-post eller melding, så ser eg på det når eg har høve.

Ønskjer alle ei riktig god påske! 🐣

Adresse

Lom
2686

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Espen Andrè Solutions legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del