22/12/2025
God jul og godt nytt år! Opningstider jula 2025
Takk for samarbeidet i 2025
Tusen takk for at du vel oss som breibandsleverandør. Me håpar du får ei fredeleg juletid fylt med gode stunder saman med familie og vener, kanskje med ein julefilm eller eit nettspel.
Me gler oss til å halda fram med å levera gode løysingar og god kundestøtte også i det nye året.
Behov for hjelp? Opningstider i jula 2025
I jula har me open vakttelefon (53 66 53 00) alle dagar mellom klokka 10.00 og 22.00. Dersom du har behov for bistand, kan du leggja att ei talemelding til vakta, så tek me kontakt med deg for vidare hjelp. Du kan òg senda epost dersom du har spørsmål, til [email protected].
I tillegg har me laga ei omfattande hjelpeguide på nettsida vår, der du kan finna svar på mykje av det du kanskje lurar på:
heband.no/kontakt-support
Me ønskjer deg ei riktig god jul og eit godt nytt år.